|
|
Sist oppdatert: 13.01.2005 01:05NB! NB! NB!
NB! NB! NB! Sidene er sett:ganger siden 30/8/2003
|
Kennelnavn: Utlehaugs Evening Dancer Kallenavn: Zita 02/11/2003 Hei no er vi på lufta igjen. Høgd: ca 49 cm Zita veks og lærer stadig nye ting. No er ho blitt flink til sitt, på plass, og vi trenar meir på dekk og bli. Får masse skryt på kvalpekurset, spesielt for kontakta. Er ein glad hund, som har følge med far over alt. Trenar på stell av pels, men det likar ho ikkje noko godt. Har hatt nokre dagar der ho er heilt turbo, og heng seg opp i alle buksebein. Mange fortvilte nei om morgonen, etter kvart som ungdommane i huset vaknar til live. Det einaste som nyttar når ho er på det ”verste” , er å ta henne på fanget. Då går lufta, for ho veit at no er det stopp. Zita er ei særs bestemt dame, og treng veldig konsekvente rammer. Ho testar oss ut, både med å være grov i stemma, og sjå bedande på oss. Sender nye bilder, dei fleste nye, men der er nokre som er ”gamle”.
15/10/2003 I går fekk Zita fått vaksine og id-merke. Det gjekk heilt fint, gobiten var viktigast. Fekk samtidig sett over øyre, pels og lignende. Får skryt. Vekt: 10,5 kg Har vore litt av ei mat ape, men siste dagane har det roa seg litt. Ikkje alltid ho et opp alt. Sidan vi har vore vant med det motsatte, har vi vore litt bekymra. Har begynt på kvalpekurs, og starta med 4 timar teori. Kjempespennande, med dyktige instruktørar. To damer frå Nordfjordeid. Dei kan faget sitt. Variert med gobiten, og no har dama fått smaken på mår. Både godt og gale. Elles trenar vi sitt, dekk og på plass. Ikkje alltid lærelysta er like stor, men ho er flink. Gler oss til å starte med den praktiske delen av kurset, slik at vi får litt tips om ulike aktivitetar for hjernetrim. Alle tips mottas med takk.
04/10/2003 No har vi vore på kvalpekurs 2 gongar og Zita stortrives. Er ikkje redd andre hundar , uansett størrelse. Går på med liv og lyst. Stakkars Tira ( labrador på 1 ½ år), ho er altfor snill, og får verkeleg gjennomgå. Zita bit henne i øyre og lepper, og hoppar rundt. Tira ser bedande på matmor, med ” Berg meg ” i blikket. Glad der er andre hundar som kan sette henne litt på plass. Er blitt flink til å sitte, og no trenar vi bli, og ligg. Ellers bit ho på alt ho kjem over, og det vi finn som erstatning, er ikkje alltid like godt. Vi har nok vore litt for flinke til å erstatte, så no må vi bli litt strengare og leite fram nei. Ser på oss med store bedande auge, og lurer på kva vi styrer med no. Er ikkje glad i å gå tur, sett seg ned og ser dumt på oss. Må bere henne eit stykke vekk ifrå huset, og då går det litt betre. Dersom vi tek bilen først, så er det ok. Då er ho ikkje kjend. Har vore på sin første ”fjelltur”, og det var gøy. Vart bert mesteparten av turen, men kjempegøy. Har og vore nokre gongar og besøkt hesten vår, og den er nifs. Går betre. Har blitt kjempeflink til å vere i buret sitt i bilen. Kan sitte der både 1 og 2 timar. Natta går og betre no, men er den einaste her i huset som er morgenfugl. Mellom 6 og 7 er det nok. Godtek plassen sin om natta, og inngjerdinga ute kan vere ok både 1 og 2 timar no. Er familiens store midtpunkt, og nyt det.
19/9/2003 Vi bur i Volda på Sunnmøre Det var mange og lange diskusjonar når det gjaldt namn, men når vi såg at broren heiter Ziko, då fann borna ut at søstra måtte heite Zita. Då vart det slik. Artig med eiga side for kvelpane, spennande å sjå korleis det går med dei andre. Her går det i trening i bur i bil, inngjerding ute, å vere i lag med andre folk, ja det same som sikkert de andre og trenar på. Vi har ialle fall full jobb, men det er artig å sjå kor fort ho lærer. Sender bilder for websida. Astri Vikestrand
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||